Velkommen til Hålandsdalen naturoppleving

Hålandsdalen naturoppleving kan tilby skreddarsydde friluftsturar i fantastisk natur.
Ta kontakt og eg lagar eit flott opplegg som er tilpassa deg eller di gruppe!

Eg er fleksibel og tek gjerne ein tur på kort varsel.

Send e-post på slh@fusi.no eller ring Solveig på tlf 56585211 / 41313075.

Guida tur til Kikedalen

Bli med meg på guida båttur til Kikedalen!

Kikedalen, øydegard etter svartedauden, urørt natur, ruvande fjellsider, Kvitingsnybbo 1142 moh, Stolaelvo og Togefossen som fløymer utfor dei stupbratte fjellsidene i Kikedalen.

Eit populært turalternativ er å gå frå Gjøn til Kikedalen og båttur frå Kikedalen til Gjøn.

Kle deg godt og bli med på tur!

1 kano til leige.
Har redningsvester til leige og.

Gjoen,   5640 Eikelandsosen, Norway,       Phone:+47 5658 5211  e-mail: slh@haalandsdalen.no