Om oss

Hålandsdalen naturoppleving tilbyr guida turar på Gjønavatnet og fjellturar med ulik lengd og terreng.

Turane er varierte og passar for dei fleste.

Er ganske fleksibel og tek gjerne guida turar på kort varsel.

For meir informasjon om turalternativ ta gjerne direkte kontakt med Solveig på telefon
56585211 / 41313075 eller e-post slh@haalandsdalen.no.

Om Hålandsdalen og Gjøn

Hålandsdalen er ei jordbruksbygd med ca 500 innbyggjarar. Bygda er mest kjent for sin vakre natur med høge fjell og mange gode fiskevatn som Skogseidvatnet, Gjønavatnet, Vengsvatnet og Skjelbreidvatnet.

Nordaust i Hålandsdalen, midtvegs langs Gjønavatnet ligg Gjøn, ei fredeleg lita perle med ca 40 av Hålandsdalen sine innbyggjarar. Her opnar landskapet seg og gardane ligg vakkert til ved foten av Gjønakvitingen 1239 m.o.h.

Dette er utgongspunktet for mange fine turar som t.d. Kikedalen og Gjønastølen.

Slik finn du fram til Gjøn i Hålandsdalen

Frå Gjermundshamn:R48 til Mundheim, ta til venstre og følg R 48 til Holdhus. Ta til høgre ved Holdhus skule og køyr ca 4 km mot Øvre Hålandsdal. Ta til venstre og køyr 3 km til Gjøn
Frå Norheimsund:Alt 1:R7 over Kvamskogen mot Tysse. Ta til venstre før Hagaåstunnellen og følg R48 til Holdhus. Alt 2:R49 til Mundheim, ta til høgre og følg R48 til Holdhus.
Frå Bergen via Tysse: E16 til Trengereid, R7 til Tysse, R48 til Holdhus
Frå Bergen om Hatvik:E39 til Os, 552 til Hattvik, ferje til Venjaneset, 552 til Eikelandsosen, R48 til Holdhus

Bestilling for 2010

For meir informasjon om dei ulike turane ta direkte kontakt med Solveig på
e-post slh@haalandsdalen.no eller
telefon +4756585211 / +4741313075

Om meg

Eg heiter Solveig Lovise Håland, er gift med Dag-Kenneth og me har 4 born i alderen 11 - 25. Eg har budd i Hålandsdalen heile livet, dei siste 24 åra på Gjøn. På garden vår driv me med kjøttproduksjon av sau og storfe.

Eg likar å ferdast i naturen og vil gjerne få visa litt av den vakre naturen me har i Hålandsdalen.

Kart

Gjoen,   5640 Eikelandsosen, Norway,       Phone:+47 5658 5211  e-mail: slh@haalandsdalen.no